- Votes:
- Tags:
- black metal
- dark rock
 
- See also:
Vreid - Dei Daude Steig Av Grav lyrics
Så grå var ingen vår vel før
 Som våren I år
 Det er som om sjølve ljoset blør
 Av hemmelege sår
 Sola skinner, men I vinterblåst
 Den kuldsker også den
 Ein likkvit flekk av sjelefrost
 Har merka land og menn
 Det isnar over skog og myr
 Grått ligg land og hav
 Det er som med kvar dag som gryr
 Dei daude steig av grav
 Ja, det er våren frå I fjor
 Som spøkar, går igjen
 Bleik, blodig og dødningsflor
 Ja, det er atter den
 Dei møter oss så bitter kjent
 Den vårens bleika drag
 Dei stirar på oss ufråvendt
 Kvar ny og bitter dag
 Det mørknar kveld, det grånar gryVreid - Dei Daude Steig Av Grav - http://motolyrics.com/vreid/dei-daude-steig-av-grav-lyrics.html
 Så bleikt og utan smil
 Det er som kvar dag på ny
 Den niande april
 Ein vår som ingen sumar fekk
 Skal frelaus gå igjen
 Som gjenferd bakom ord og blikk
 Hjå alle norske menn
 Men denne bleike gjenferdsvår
 Står brennande I knopp
 Med arr ved arr, med sår ved sår
 Som dagleg spring opp
 Hald ut, hald ut, blir alder trøytt
 La bak kvart knoppet arr
 Vår framtid bruse sumarheit
 Frå hjartas offerkar
 Til dagen kjem, timen slår
 Er kvar dags doven kvil, 
 Kvar dag du feig og motlaus går, 
 Ein niande april












