- Votes:
- See also:
Glittertind - Flaumen går, I Noreg er vår lyrics
Flaumen går,
 I Noreg er vår,
 Bjørka sprett i dalom.
 Dølakar
 Traust og hard
 Rydjer ferdregard.
 Sjå kor det losnar i alle liom,
 Skreda fer etter bergesidom.
 Flaumen går,
 I Noreg er vår,
 Og dølan' er det som rår. Frå fjellet rinn
 Ein bekk så linn
 Mellom stuv og steinar.
 Av bekker små
 Det vert ei å
 Fagrast du skal sjå
 Høyr kor det i vatnet susar,
 Høyr kor det i fossen brusar!
 Flaumen går,
 I Noreg er vår,
 Og dølan' er det som rår. Lita å
 Kan du forstå
 Kor ho fekk slikt mæle?
 Bekk som rann
 Er vaksen mann.
 Stans han, om du kan.
 Ingen mann kan straumen vende.
 Tømmer og hus det set han på ende.
 Flaumen går,
 I Noreg er vår,
 Og dølan' er det som rår. Bykar stram
 På gata går fram,
 Trur han skal oss lære.
 Men ikkje eg
 Fær støkk av deg,
 Sjølv eg rår min veg.
 Bøndan' er ikkje lenger mjuke,
 Husbondsretten, han vil me bruke.
 Retten er vår,
 Skulda er dår
 À… lyde Noregs kår. Om seint me kjem,Glittertind - Flaumen går, I Noreg er vår - http://motolyrics.com/glittertind/flaumen-gar-i-noreg-er-var-lyrics.html
 Så er det med klem.
 Me vil garden rydja.
 Bondemål,
 Kvast som stål,
 Gjev ikkje lenger tol.
 Norsk mål vil me i Noreg hava,
 Ikkje lenger med dansken kava.
 Bondemål,
 Kvast som stål,
 Gjev ikkje lenger tol. Blankt som gull
 Og mjukt som ull
 Er det norske målet.
 Som sol på fjell,
 Som blome-tjeld,
 Som fuglesong om kveld.
 Tusen års rot det hev i landet,
 Tusen år til så skal det stande.
 Flaumen går,
 I Noreg er vår,
 Og dølan' er det som rår. Sumar-sol
 Skin på jord,
 Så jonsok-blomen laver!
 Læt frå koll
 Lur over voll,
 Og dølan' slær på skjold.
 Av skal ho hivast lurve-hetta!
 Gullhjelm lyser i morgon-gletta.
 Læt frå koll
 Lur over voll,
 Og dølan' slær på skjold. Haralds verk
 Fjellbonde sterk
 Gjer no andre gongen.
 Gamalt grjot
 Av kjemperot
 Endå hev manndom og mot.
 Kome alle, ver med på ferda,
 Så skal det spørjast i vide verda,
 At Noregs mann
 Gjekk på og vann
 Atter sitt eige land.











