- Votes:
- See also:
Sissel - Våren lyrics
Enno ein Gong fekk eg Vetren å sjå
 for Våren å røma;
 Heggen med Tre som der blomar var på,
 eg atter såg bløma.
 Enno ein Gong fekk eg Isen å sjå
 frå Landet å fljota,
 Snjoen å bråna og Fossen i Å
 å fyssa og brjota.
 Graset det grøne eg enno ein Gong
 fekk skoda med Blomar;
 enno eg høyrde at Vårfuglen song
 mot Sol og mot Sumar.Sissel - Våren - http://motolyrics.com/sissel/varen-lyrics.html
 Eingong eg sjølv i den vårlege Eim,
 som mettar mit Auga,
 eingong eg der vil meg finna ein Heim
 og symjande lauga.
 Alt det, som Våren imøte meg bar
 og Blomen, eg plukka,
 Federnes Ånder eg trudde det var,
 som dansa og sukka.
 Derfor eg fann millom Bjørkar og Bar
 i Våren ei Gåta;
 derfor det Ljod i den Fløyta eg skar,
 meg tyktes å gråta.
















