- Votes:
- See also:
Sissel - Vestland,Vestland lyrics
(Sigurd Førsund/Tore Ørjasæter)
Å Vestland, Vestland når eg ser deg slik 
Med fagre fjell og fjord og tronge vik. 
Det stig i all sin venleik stort og vilt 
Og atter møter meg so mjukt og mildt. 
Og gleda strøymer i meg still og stor 
med glans av bjørkeli og blåe fjord 
Og i meg sjølv eg kjenner dypter av 
den stille skogen og det store hav. Sissel - Vestland,Vestland - http://motolyrics.com/sissel/vestlandvestland-lyrics.html
Min lette båt ein solblank kveld eg ror, 
sjå fjell og himmel sym på stille fjord 
og djupe dalen med sitt grøne fang, 
som skin av lauv og blom frå li og vang. 
Sjå skuggane som kliv dei kvasse fjell 
lik dagsens timar tøyer seg mot kveld 
Det sveiper seg om tind og tronge dal 
eit draumeslør av sommarnatti sval 
/ ]









