- Votes:
 - See also:
 
Jan Eggum - Bonden og berget lyrics
Grått og gamaIt og kvitt og kaldt
 famnar fjellet om sine små.
 Trollet sit traust inni berget det blå,
 stor og stø, og passar på.
 Menneskekryp og anna maur
 sår og haustar og sankar gryn,
 men om bonden vil dra til by'n
 høyres frå berget: Kor skal du hen?
 Kjem du'kje att før sola renn,
 slepp eg deg ikkje inn.
 Svart av sorger og fri eksos
 lokkar byen med kunstig vår.
 Bonden har aldri sett lettare kår,
 eg kan bli til neste år!
 Her kan eg festa natta lang,
 gå til jobben i ro og mak,Jan Eggum - Bonden og berget - http://motolyrics.com/jan-eggum/bonden-og-berget-lyrics.html
 jobba jamnt under kjempetak,
 søkja stipend og førtidspensjon,
 kjøpa meg bil og telefon.
 Rik kan eg reisa heim.
 Stinn av setlar og varm av vin
 bankar bonden på bergets port.
 Vakna no, vaktmann, og slepp meg inn fort
 elles skyt eg fjellet bort.
 Trollet er trøytt og talar tregt:
 Dynamitt kan du spara deg.
 Daud er dalen som ligg hos meg.
 Her er det fred som då eg var ung.
 Vegen attende vart lang og tung.
 Du skulle høyrt på meg.
 No kan du angra deg.









