- Votes:
- See also:
Lillebjørn Nilsen - Valle auto & bensin lyrics
Lillebjørn Nilsen - Valle auto & bensin
 Å, eg fann ei vakker jente nedi Setesdal.
 Ho sto vakt på Valle Auto & Bensin.
 Og ho lo til meg så eg blei både heit og kald.
 Så eg spurde: «Vil du vere venen min?»
 Men ho svara at: «Eg er nok ikkje fri.
 Eg har ein som eg vil elske all mi tid.
 Det er ei fele lagt i handa på ein spelemann,
 som kan spele slik som berre setesdølar kan.»
 (Og særleg om han spelar «Sordølen», da:
 sudidudi dei dudi dei dudi dudi dei!)
 Og kvar laurdag må eg høyre på min kavaler.
 Men du kan vel også følgje med?
 Eg blei svartsjuk og sa: «Eg vil'kje ha det der!Lillebjørn Nilsen - Valle auto & bensin - http://motolyrics.com/lillebjorn-nilsen/valle-auto-and-bensin-lyrics.html
 Denne fela der skal jaggu halde fred!»
 Og så satt eg med gitaren på mitt kne.
 Og eg øvde trutt og talde: ein to tre ...
 Og då helga kom så sa eg: «Snille jenta mi,
 no skal eg få spela danselåta di!»
 (Og så spelte eg «Sordølen», da:
 dælælæ ... )
 Men ei jente er'kje betre nedi Setesdal'n,
 for ho visste ikkje kven ho ville ha.
 Og slik er det med ei jente som er dansegal' n:
 ho kan like gjerne svare nei som ja.
 Så no sitt vi her og spelar både to.
 Og ute der på golvet sviv' e ho!
 Og i morgan som ho søv den beste svevnen sin,
 må eg stå vakt på Valle Auto & Bensin ...









